|
Denne hesteordboka (fjordhestordboka) har utvikla seg sidan år 2000 som eit biprodukt av FHIs ”Oversyn over hesteuttrykk i dei vanlegaste språka” i ”Offisiell handbok for fjordhestdommarar”
Samlinga av nokre få tospråklege samlingar av uttrykk vart utvikla spontant og utan å kunne seiast å vere nøyaktige i leksikalsk eller språkleg forstand. Naudsynte tilleggsomsetjingar til kvart av dei fem aktuelle språka vart utførte av språkleg kompetente hestefolk, og ikkje av filologar. Dei vart likevel utførte med mykje engasjement og entusiasme, og med det mål for auget å kunne gi enkel hjelp til brukarane.
Eit resultat av at ein gjorde det på denne måten er nok at ein del stave- og grammatikkfeil har snike seg inn. Dette er noko vi ber om orsaking for, og vi ber at dei som finn slike er venlege og rettar desse. Med brukarane si hjelp kan feil såleis lukast ut, manglande omsetjingar kan leggast inn, og nye uttrykk kan leggast til. Eventuelt kan brukarane foreslå å legge til nye ord.
Vi vil vere takksame for alle forslag til forbetringar av denne ordboka. Vi må likevel avgrense oss til hestespesifikke uttrykk. For generell språkbruk finst det ordbøker som er lett tilgjengelege i bokhandlar. I tillegg er det under utarbeiding ei samling av hesterelaterte uttrykk for veterinærar og ei samling av uttrykk som gjeld køyring.
Fjord Horse International er på vegne av alle brukarar takksame overfor alle involverte hestevener som ofra tid på denne ordboka.
Vennligst gi oss beskjed hvis
du finner feil:
|